Plakat med tekst
Utstillinga "Fuglar i lyrikken" er laga av Nynorsk kultursentrum, og du kan sjå ho på hovudbiblioteket til midten av oktober.

Utstilling: Fuglar i lyrikken

av Reidar Bjorvatn
18.09.24
"Kan ein tenkje seg eit poetisk univers utan fuglar? Nei, truleg ikkje. Tenk berre på kor ofte vi menneske høyrer og ser fuglar! Og så tek vi bilete, teiknar, skriv dikt, lagar vitskaplege avhandlingar og fjernsynsprogram om desse fasinerande dyra."

Desse orda tilhøyrer litteraturforskar Atle Kittang. Og nettopp litteraturhistoria viser at menneska har vore opptekne av fuglar til alle tider. Fuglar er til stades i historisk diktarkunst som egyptiske pyramidetekstar, Bibelen og i gresk og norrøn mytologi.

I vår eiga samtid kan naturlyrikk ofte lesast som dikting med omsyn til kor skjør naturen kan vere, og sjølv om dikta ikkje nødvendigvis seier det rett ut, kan dei lesast i samanheng med dei store politiske debattane kring klima- og miljøspørsmål. Det gjeld òg nokre av dikta som er med i denne utstillinga, men ikkje alle. Det enkelte diktet kan like gjerne vere valt ut fordi diktet er så vakkert.

Utstillinga tek utgangspunkt i det nordiske når det gjeld dikt og fuglar, og vengespennvidda er stor. Her finst dikt for barn, songlyrikk, dikt om fantasi, og dikt som handlar om at menneskja si forureining øydelegg livsvilkåra for fuglar.

Når du opplever utstillinga kan du ha med deg nokre ord frå Olav H. Hauge om fellestrekk mellom dikt og fuglar, nemleg at det er ein «merkjeleg klang og musikk i dei»! Kanskje ser du nokre fuglar du kjenner frå før?

Utstillinga er kuratert av Stein Arnold Hevrøy, og Overhaus har laga form design. Du kan sjå ho i foajeen på hovudbiblioteket fram til midten av oktober